Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Grøn ordførarkandidat med grønt manifest på baklomma

Fotomontasje med portrettbilete av Svein Hammer og bilete av boka "Grønt manifest". - Klikk for stort bilete

Svein Hammer har skrive ein trilogi om grøn politikk og grøn samfunnsutvikling. Samstundes har han kasta seg inn i lokalpolitikken i heimkommunen Hemnes. Måndag 5. juni kjem han til Ålesund bibliotek for å bli bokbada og snakke om sitt grøne manifest.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Med si korte, innhaldsrike bok Grønt manifest (2022), fullfører Svein Hammer ein trilogi om grøn politikk og grøn samfunnsutvikling. Gjennom bøkene sine har Hammer etablert seg som den grøne politikkens forfattar. Den første boka, Fra evig vekst til grønn politikk (2016), har ei fagleg forankring, og lar ulike tankar bryne seg mot kvarandre, med sikte på å skape eit betre grunnlag for viktige diskusjonar. Framtidens Norge (2018) har ei meir personleg, essayistisk form.  

Grønt manifest er ei debattbok, der forfattaren inntek ein tydelegare posisjon og skisserer ein veg mot den grøne framtida. Eit viktig poeng for Svein Hammer er at utfordringane vi står ovanfor ikkje berre kan løysast med betre teknologi og instrumentelle løysningar. Tida er overmoden for å problematisere vår måte å tenkje og leve på, og forme ein meir heilskapeleg samfunnsvisjon. Difor belyser boka både grøne verdiar, sirkulær økonomi og politiske styringsgrep, og strekkjer seg frå lokal berekraft til jordsystemet som heilskap.  

Svein Hammer har doktorgrad i sosiologi. Dei seinare åra har han valt å bli forfattar på heiltid, og etter 32 år i Trondheim flytta han heim til Hemnesberget. Undervegs bestemte han seg for å realisere manifestet sine tankar i heimkommunen, og i vinter blei «Grønt Hemnes» etablert, med MDG, Venstre og uavhengige grøne sjeler samla under ein paraply. 

Måndag 5. juni kl. 18.00 kjem han til Ålesund bibliotek, der han blir bokbada av Mariann Schjeide, biblioteksjef ved Høgskulen i Volda. 

Arrangementet er gratis og ope for alle.  

Velkomen!