
No kan småbarnsfamiliar bli med på ein ny lesekampanje i biblioteket! Møre og Romsdal fylkeskommune står bak «100 bøker før du er 6 år» for småbarnsfamiliar i heile fylket.
Kom og få eit hefte
Alle med småbarn heime kan kome til biblioteket og hente heftet «100 bøker før du er 6 år». Heftet er fullt av lesetips og fugerer i tillegg som leselogg.
Kampanjen er retta mot barn i barnehagealder, og går ut på at ein les, eller blir lesen for, hundre bøker før skulestart. Undervegs kan barna få lesebuttons på biblioteket for kvar 25. bok, før dei til slutt får eit eige superlesardiplom.
«100 bøker før du er 6 år» blir no rulla ut ved biblioteka i Ålesund. Her kan familiar hente hefte med boktips, få utdelt buttons og låne seg bøker.
Meir motiverande
Målet er å gjere det enklare og meir motiverande for familiar å lese saman i kvardagen, og å styrke rolla biblioteka spelar som møteplass og ressurs for lesing og formidling.
«100 bøker før du er 6 år» er inspirert av tilsvarande opplegg som er i bruk andre stader i landet, og kjem som eit supplement til etablerte lesetiltak for eldre barn, som Sommarles.
Håpar på leseglede
Målet er at kampanjen skal bidra til meir leseglede og skape gode lesevanar tidleg i livet.
Kampanjen er finansiert med midlar frå Nasjonalbiblioteket, og er etter ein idé frå biblioteka i Vestfold.