"Hvite striper, sorte får" - Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

"Hvite striper, sorte får"

Dei to journalistane Øistein Monsen og Torgeir P. Krokfjord gav ut boka “Hvite striper, sorte får” i fjor haust. Den fekk stor merksemd i media, ikkje minst fordi Marius Borg Høiby er ein av dei som vert omtala. Torsdag 5. mars kjem dei to forfattarane til Ålesund bibliotek for å snakke om arbeidet med boka, i samtale med NRK-journalist Pål Kristian Lindseth. 

Fotomontasje med bilete av boka "Hvite striper, svarte får" og portrettbilete av dei to forfattarane. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete Agnete Brun

Boka "Hvite striper, sorte får" av Øistein Monsen og Torgeir P. Krokfjord blei utgjeven i slutten av oktober 2025 og fekk stor merksemd og skapte debatt. Freistnad på å stoppe utgjevinga gjennom rettslege skritt fekk ikkje medhald i Oslo tingrett.

Dei to erfarne gravejournalistane skriv om korleis Marius Borg Høiby og omgangskretsen hans kan koblast til nokre av Europas mest notoriske narkogjengar, og at dette, etter forfattarane si meining, har vore omtala som ein open hemmelegheit i politiet. I sentrum av hendingane er eit kvitt stoff, med ein kilopris på ein million kroner - kokain.

På Ålesund bibliotek møter forfattarane publikum for å fortelje om arbeidet bak boka, dele kva dei har avdekka, og svare på spørsmål om kritikken som har fylgt utgjevinga. Samtalen med dei to vert leia av NRK- journalist Pål Kristian Lindseth.

Forfattarane bak boka er: 

  • Torgeir P. Krokfjord. Han har jobba som undersøkjande journalist i Dagbladet sidan 2008. Han har vunne Skup-diplom og Den store journalistprisen.
  • Øistein Norum Monsen. Han har jobba som undersøkjande journalist og fotograf sidan 2006. Som Dagbladet-journalist har han vunne IR-prisen og Data-Skup.

Arrangementet finn stad ved Ålesund bibliotek torsdag 5. mars kl. 19.00. Det er gratis og ope for alle.