Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

"Inntrykk og Uttrykk"

I april er det Henrik Wang og Ellen Kristin Molvær frå Ålesund Kameraklubb som stiller ut sine bilete i fotogalleriet i Ålesund bibliotek.
Foto av sjø og to personer so går utover en molo. - Klikk for stort bilete Henrik Wang  

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Ellen Kristin Molvær og Henrik Wang har begge vore medlemar i klubben gjennom mange år, og har det til felles at dei observerer og fangar inntrykk gjennom kamera i ulike situasjonar, som resulterer i deira personlege uttrykk. Bilda spenner difor over eit stort mangfald av motiv.

Ålesund kameraklubb er den eldste fotoklubben i kommunen, etablert allereie i 1949. Per i dag har klubben omlag 60 medlemar, og er open for alle med foto som hobby og som ønsker å utvikle seg som fotografar. Mellom medlemane finn ein både ferskingar og erfarne ringrevar.  Gjennom kurs, erfaringsutveksling, presentasjonar og konkurransar utfordrar ein kvarandre både kreativt og teknisk. I tillegg arrangerer klubben utflukter og fototurar, både korte og lengre turar, men også impulsive utflukter i nærområdet.

Klubben har medlemsmøte den første tysdagen i kvar månad i Volsdalen menighetshus, og tar gjerne imot nye medlemar.

Du kan sjå utstillinga i biblioteket si opningstid i heile april.