Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Jeg har også en drøm

Ålesund bibliotek inviterer til føredrag med Tinashe Williamson i april. I føredraget “Jeg har også en drøm” tematiserer ho rasisme og antirasisme. 

Portrettbilete av Tinashe Williamson - Klikk for stort bilete Truls Qvale

Jeg har også en drøm er ei personleg forteljing om kvifor det er så viktig at vi snakkar om rasisme og antirasisme. Kvifor er mangfald og representasjon så viktig, og korleis kan vi saman som samfunn rekkje opp handa og vere gode allierte i kampen mot rasisme?

Tinashe Williamson er forfattar, skodespelar, modell og føredragshaldar. Med sitt blikk på samfunnet har ho blitt ei viktig røyst om inkludering og mangfald.  Williamson har sjølv opplevd rasisme og mobbing i oppveksten, og snakkar om erfaringar og opplevingar frå eigen oppvekst når ho formidlar bodskapen sin.

I 2021 gav ho ut boka Håndbok for unge antirasister, som vart ein stor suksess og som er seld til fleire land.

Arrangementet er gratis og ope for alle, og blir arrangert med støtte frå Sparebank 1 SMN.