Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Jenteprisen-vinnar til Ålesund bibliotek

Onsdag 28. oktober gjestar Daniella Nordhagen Ålesund bibliotek for å dele si historie og delta i ei panelsamtale om negativ sosial kontroll og æreskultur. Saman med lokale fagpersonar skal ho setje søkelys på førebygging, rettar og korleis utsette kan få hjelp.

Foto av Daniella Nordhagen og boka 1178 netter - historien om et tvangsekteskap. - Klikk for stort bilete

Søndag 11. oktober, på FN sin internasjonale jentedag, vart Daniella Nordhagen tildelt Jenteprisen 2026 av Plan International Norge. Prisen går til personar som gjer ein særleg innsats for likestilling og rettane til jenter. I år var det 68 nominerte, blant dem dronning Sonja, kronprinsesse Ingrid Alexandra og fotballpresident Lise Klaveness.


Nordhagen får prisen for å ha delt sine erfaringar med tvangsekteskap, negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Ved å fortelle si ega historie har ho bidratt til å løfte temaer som ofte er vanskelege å snakke om, og til å synleggjere kva slags konsekvensar slike overgrep kan få.


Historia hennar er også fortald i boka 1178 netter av Marte Spurkland, basert på Daniella Nordhagen sine eigne erfaringar. Boka skildrar korleis ho blei tvangsgifta som 13-åring, år prega av kontroll og overgrep, og korleis ho til slutt klarte å flykte og varsle norske styresmakter. Gjennom historia får lesaren eit innblikk i korleis æreskultur og negativ sosial kontroll kan få alvorlege konsekvensar for dei det råkar. Historia er også skildra i dokumentarserien Barnebruden.


Daniella si historie – frå tvangsekteskap til eit nytt liv


På Ålesund bibliotek vil Nordhagen dele si personlege historie og sine erfaringar. Ho har gjennom fleire år brukt stemmen sin til å setje søkelys på negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, mellom anna gjennom medieopptredener, føredrag på skular og informasjonsarbeid saman med organisasjonar og hjelpeapparatet.


Etter hennes innlegg vert det panelsamtale med lokale fagpersonar som arbeider med integrering, oppvekst, rettar og støtte til utsette. Samtalen vert leia av Terri Senior frå Røde Kors Møre og Romsdal.


Målet er å skape større forståing for korleis negativ sosial kontroll og æreskultur kan komme til uttrykk, korleis det kan førebyggast, og korleis menneske som opplever slike situasjonar kan få hjelp. Publikum får også anledning til å stille spørsmål.

 

I panelet:

•    Daniella Nordhagen: vinnar av Jenteprisen 2026, føredragshaldar og stemme i arbeidet mot tvangsekteskap og æreskultur 
•    Lars Due-Tønnessen: Mangfaldsrådgivar Imdi
•    Elisabeth Marøy: prosjektleiar for Nærmiljøprosjektet på Aspøy
•    Cathrin Myre Skram: Advokat
•    Lisa Minna Valderhaug: Sosionom/miljøterapeut ved krisesenter for Sunnmøre
•    Terri Senior: leiar for Team Omsorg Møre og Romsdal Røde Kors, samtaleleiar

 

Arrangementet er ei anledning til å lytte til ei sterk personleg historie, få større innsikt i eit viktig samfunnstema og delta i ei samtale om korleis vi saman kan førebygge negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.

 

Praktisk informasjon

Tid: Onsdag 28. oktober 2026 kl. 18.00 – 20.00
Stad: Ålesund bibliotek
Pris: Gratis og ope for alle