Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Klesbytedag i Brattvåg

Foto av ei ung kvinne med mange klesplagg i hendene, og fleire folk og klede i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Naturvernforbundet

Laurdag 22. april kjem den store klesbytedagen til Brattvåg bibliotek!

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Klesbytedagen blir arrangert av Haram frivilligsentral og Brattvåg bibliotek, med støtte frå Naturvernforbundet. Denne dagen kan du byte gamle klesskattar som du ikkje brukar lenger, og få nye favorittar i retur. Du sparar miljøet og får rydda kleskapet samstundes!

Det fungerer slik at du leverer inn inntil fem plagg frå bakarst i kleskapet. Plagga må vere heile, reine og fine. For kvart plagg du leverer inn, får du ein kupong som du kan bruke til å byte til deg nye plagg på klesbytedagen 22. april. 

Du kan levere inn klede på Brattvåg bibliotek i biblioteket si opningstid i heile veke 16. På klesbytedagen opnar dørene kl. 12.00, og det heile varer til kl. 15.00. Her kan det løne seg å vere tidleg ute!

Velkommen til klesbytedag!