Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

"Kongerekka" til Ålesundsbiblioteka

Are Sende Osen, kjend frå humorduoen Are & Odin og podkastserien og bøkene om kongerekka i Noreg, kjem til Ålesundsbiblioteka i oktober.

Portrettbilete av Are Sende Osen med vikinghjelm på. - Klikk for stort bilete

Med støtte frå Fritt Ord har Ålesundsbiblioteka utarbeidd ei arrangmentsrekkje om sagahistorie, vikingtid, norrøn mytologi og mellomalder. Her ønskjer me å setje fokus på korleis den historiske arven vår frå norrøn tid blir vitalisert og formidla i moderne historieforteljing. Det komande året inviterer vi forfattarar som på ulike måtar har late seg inspirera av norrøn kultur i bøkene sine, og opnar for samtalar om kvifor denne tematikken framleis er aktuell for dei i vår moderne tid.

I oktober kjem forfattar, humorist og programleiar Are Sende Osen til Ålesundsbiblioteka for å fortelje høgdepunkt frå suksess-podkasten “Kongerekka”. Med utgangspunkt i Snorres kongesagaer og andre historiske verk fortel han om dei norske kongane slik vi aldri har høyrt det før. Historia byrjar med Harald Hårfagre som samla heile Noreg til eitt rike på grunn av ei dame. Deretter går det bokstaveleg talt slag i slag, heilt fram til det kongehuset vi har i dag. Intrigar, sex, brodermord, trolldom og store slag: Dette er vår “Game of Thrones” frå verkelegheita!

Du skal få høyre at Oslos grunnleggjar Harald Hardråde var ein kronisk juksemakar, og at Magnus Berrføtt underleg nok døydde med støvlane på. Kva konge starta korstog mot heilskjegg, og kor klein kan julefeiringa bli når familien er samla for fyrste gong etter at du kidnappa di eiga søster? Osen fortel uhøgtideleg, lett og underhaldande, og kombinerer folkeopplysning og humor i ein forteljarstil som er heilt unik.

Det vil også bli tid til å høyre fleire lokale historier frå Ålesund og omegn!

Føredraget er for deg som ikkje visste du var interessert i historie, for deg som veit at du er det- og for deg som rett og slett likar å høyre gode historier.

“Kongerekka” er blitt utruleg godt motteke og nærmar seg 6 millionar nedlastingar. Det har også blitt 3 bøker og eit TV-program med utgangspunkt i serien. 

Are sende Osen besøkjer Ålesund bibliotek 16. oktober og Ørskog kulturhus 17. oktober. Begge arrangement er gratis og ope for alle. 

Velkommen!