Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Nye opningstider ved Ålesund bibliotek

Vi har starta med meirope bibliotek. I samband med dette er dei bemanna opningstidene noko reduserte. 
Dei nye opningstidene kan du sjå her. 
Du kan lese meir om meirope og korleis du får tilgang her. 

Konkurranse for barn: Stopp plastforureining!

Ålesund bibliotek utlyser ein kreativ konkurranse for barn i barneskulealder i samband med Verdas miljødag 5. juni.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Oppgåva går ut på å illustrere, gjennom eit kunstnarleg/kreativt produkt, korleis menneske kan førebygge og redusere plastforureining i naturen. Døme på tema er gjenbruk, reparasjon og utandørs ryddeaksjonar. Både analoge og digitale medier kan nyttast. Bruk fantasien!

Kunstverket leverast i skranken på Ålesund bibliotek innan 4. juni. Digitale arbeid bør skrivast ut på papir. Biblioteket kan evt. hjelpe til med utskrift). Dei innsendte bidraga blir stilt ut i Ålesund bibliotek.

Vinnarbidraget vert annonsert på Verdas miljødag 5. juni. I tillegg til heider og ære får vinnaren to kinobillettar og moglegheit til å ta selfie saman med ordføraren i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand!

Les meir om Verdas miljødag på FN sine nettsider: 

Verdas miljødag 5. juni