Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Kunstnarpraksis ved Ålesund bibliotek

Foto med utsikt over rådhusplassen i Ålesund. - Klikk for stort bilete Katrine Ekroll Celius

Er du nyetablert kunstnar og ønskjer deg ein arbeidsplass med byens finaste utsikt? Då kan du søke om å få disponere atelier ved Ålesund bibliotek. Du får også andre goder som kan hjelpe deg i etableringsfasen, og får bli ein del av eit kunstfagleg nettverk i Ålesund. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Ålesund bibliotek, Ytre kunstfagskole og Aggregat Kunstnarfellesskap samarbeider om eit tilbod om kunstnarpraksis til nyetablerte kunstnarar ved Ålesund bibliotek. Prosjektet er eittårig, med moglegheit for forlenging. Prosjektet skal gi kunstnarar i etableringsfasen ein god start i sitt virke som kunstnar.

I den tildelte perioden får kunstpraktikanten nytte seg av eit vederlagsfritt atelier som ligg i 3. etasje i lågblokka på rådhuset. I tillegg får kunstpraktikanten tilgang til fellesverkstaden til Aggregat Kunstnarfellesskap to veker per år, tilbod om å delta på Ytre kunstfagskole sin profesjonaliseringsmodul over tre veker, og får ta del i eit fagleg nettverk i kunstnarmiljøet i Ålesund. Med arbeidsplass blant tilsette ved Ålesund bibliotek blir ein også del av eit kollegialt fellesskap, og har moglegheit til å stille ut arbeidet sitt og bidra med kunstnarisk aktivitet i biblioteket sitt arrangementsprogram. 

Tildeling av kunstnarpraksis skjer gjennom ein søknadsprosess. Tildelinga vert gjort av eit utval som består av rektor ved Ytre kunstfagskole, dagleg leiar ved Aggregat Kunstnarfellesskap og to representantar for Ålesund bibliotek. 

Atelierplass tildelast visuelle kunstnarar i etableringsfasen. Etableringsfasen reknast som dei første fem åra etter avslutta studiar eller anna form for skolering. Nedre aldersgrense er 18 år, men det er inga øvre aldersgrense for kunstnarane. Det er ønskjeleg at kunstnarar som får tildelt plass har kunstfagleg utdanning i botnen (t.d. fagskule), men ei samla vurdering av kompetanse, motivasjon og aktivitetsnivå kan også gjerast.
Alle er velkomen til å søke, uavhengig av kor dei bur. 
 

Søknaden skal innehalde:

  • Informasjon om deg sjølv og ditt kunstnariske virke.
  • Utdanning og arbeidserfaring.
  • Legg ved CV og portfolio med eksempel på kunstnarisk produksjon. 

Søknadsfrist er 01.08.2023, og skal sendast til katrine.ekroll.celius@alesund.kommune.no, med kopi til trine@ytrekunst.no.
Merk eposten med «Kunstnarpraksis ved Ålesund bibliotek».

Atelieret er klart til å takast i bruk frå 01.09.2023, og vil vere umøblert. 

Her kan du lese meir om retningslinjer og tildelingskriterium. (PDF, 100 kB)