Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Kunstnarsamtale om Longva kunstnarresidens

Seks personar i fjøresteinane på Longva. Foto. - Klikk for stort bilete Mateo Christensen


Velkomen til ein kunstnarsamtale mellom kunstnar Terese Longva og biblioteksjef Nesteren Hasani tysdag 29. november på Ålesund bibliotek. 
Samtalen vil omhandle utviklinga av Longva kunstnarresidens på Skuløy, og utstillinga Tidshorisontar som er stilt ut i biblioteket denne månaden.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Terese Longva er ein internasjonal kunstnar som hovudsakleg arbeider med performance, video og installasjon. I 2020 hadde ho ein performance med på Høstutstillinga, og i 2021 hadde ho eit verk med i opningsutstillinga «Jeg kaller det kunst» på Nasjonalmuseet. Terese vart også tildelt Ålesund kommune sin kunstnarpris i 2021.

No driv Terese kunstpraksisen sin på Skuløy der ho vaks opp. Ho og to andre kunstnarar held på å bygge om eit naust til Longva kunstnarresidens. Residensen blir utvikla av dei tre kunstnarane Terese Longva, Sabine Popp og Hild Borchgrevink, i samarbeid med lokale fastbuande på Nordøyane. Båthuset skal bli eit arbeidsrom og verkstad for internasjonale kunstnarar og skribentar som kan kome til øya for å ha eit arbeidsopphald der. 

I samtalen skal vi få høyre meir om utviklinga og planane framover for Longva kunstnarresidens, og kva det eigentleg betyr å vere artist in residens. Vi skal også få høyre om performancearrangementet Mellom himmel og hav som gjekk føre seg på Nordøyane 8. - 20. august 2022, og som no er dokumentert i ei utstilling på biblioteket. Åtte internasjonale performancekunstnarar skapte arbeid i landskapet på Nordøyane gjennom to veker. Dette arrangementet er eit internasjonalt prosjekt som Performance Art Bergen (PAB) arrangerer kvart tredje år på ei øy i Noreg.

Samtalen mellom Terese Longva og biblioteksjef Nesteren Hasani vil finne stad på Ålesund bibliotek tysdag 29. november kl. 19.00. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Velkomen!