Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Kven trur du at du er?

Ein bunke med gamle bilete av folk, svart-kvitt.   - Klikk for stort bilete Stockphoto Er du nysgjerrig på kven og kvar du kjem ifrå? Har du ein slektning som du gjerne vil finne ut meir om, eller har du kanskje avdekka eit mysterium i slekstshistoria? I haust kan du få hjelp til å kome i gong med slektsforskinga di, ved Ålesund bibliotek og Brattvåg bibliotek. 

I samarbeid med Slekt og Data arrangerer vi nybegynnarkurs over to dagar. Her vil du lære grunnleggande metoder for å finne slektsinformasjon i Digitalarkivet og i Slekt og Data sin base for gravminner. 

Ta med eigen PC for å kunne øve på kjeldesøk i praksis. Vi oppmodar også til å ta med namn og opplysningar om ein slektning, slik som fødsels- eller dødsdato, dato for konfirmasjon eller giftarmål. Bruk gjerne ein som er fødd før 1920, fordi då kan du bruke dette i søka dine under kurset. 

Kurset er gratis og ope for alle. 

Ålesund bibliotek er først ut, her blir kurset arrangert 6. og 8. september, frå kl. 17.30 til 20.00. Om du vil melde deg på dette, så send påmelding på epost til Sigurd Syversen.

Ved Brattvåg bibliotek blir kursdatoane 3. og 11. november, frå kl. 17.30 til 20.00. Om du vil melde deg på dette, så send påmelding på epost til Brattvåg bibliotek.