Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Lån eit bilete

Foto av eit måleri i blå- og grønntonar. - Klikk for stort bilete 

Ved Vatne bibliotek er det ikkje berre bøker du kan låne med deg heim. Her kan du låne kunstverk av lokale kunstnarar.  

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Vatne bibliotek har inngått eit samarbeid med kunstnarar frå området om utlån av bilete. Bileta heng til utstilling på biblioteket, og så kan ein låne dei med seg heim i fire veker av gongen.

Bileta kan ein låne med seg med lånekortet sitt, på same måte som med bøker og anna utlånsmateriale. Når lånetida på fire veker går ut, leverer ein biletet tilbake til biblioteket. Så kan ein låne eit nytt bilete om ein vil. 

Ein kan også kjøpe kunstverka, då tek ein kontakt direkte med kunstnaren. Biblioteket videreformidlar kontaktinformasjonen. 

Så no har du altså moglegheita til å piffe opp ein vegg heilt gratis, eller kanskje du vil imponere nokon med samtidskunst i stova? Uansett årsak, så er det berre å ta turen til biblioteket på Vatne og sjå om du finn noko du likar. Har du ikkje lånekort, seier du? Det fiksar vi til deg på ein blunk!

 Her kan du sjå nokre døme på bilete som du for tida kan sjå og låne på Vatne bibliotek.