Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Ledige stillingar for ungdom til hausten

Er du ein kreativ og engasjert ungdom som likar å lage kule ting? Ålesund og Skodje bibliotek søkjer 4-5 ungdomsassistentar til vår nye Skaparverkstad!

Skaparverkstaden er eit prosjekt støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune for å gje barn, unge og vaksne i vår region fleire stadar å vere, og å lage ting. Her kan du lage, lære, utforske og dele ved hjelp av alt ifrå høgteknologiske verktøy til enkle materiale. 

Vi vil fremje kreativitet, samarbeid og praktisk læring innan kunst, vitskap, realfag og teknologi. For å oppnå dette treng vi ungdomsassistentar som kan hjelpe til med gjennomføringa av aktivitetane på Skaparvekstaden. Prosjektet vil ha oppstart i august, og gå utover hausten. 

Kva inneber jobben som ungdomsassistent?

Som ungdomsassistent vil du:

  • Jobbe ein fast dag i veka etter skuletid (2 timar) saman med ein annan ungdom.
  • Få opplæring i bruk av Cricut-maskiner og 3D-printarar.
  • Halde opne kreative verkstader ved hjelp av Cricut-maskiner, 3D-printarar og andre enkle materiale, til dømes: «Trykk din eigen logo/teikning på ei veske ved hjelp av Cricut-maskiner».
  • Bidra til å skape eit inkluderande arbeidsmiljø, det vil seie å vere hyggelig og positiv mot lånarar og tilsette.
  • Vere glad i å snakke med andre folk og trivast med å lære vekk.
  • Vere ansvarleg, det vil seie kome til avtala tid, rydde etter deg, gje beskjed ved sjukdom/fråvær, gjere det som vi har avtala og planlagt saman, og seie ifrå om du treng hjelp eller støtte.
  • Kunne snakke godt norsk.

Vi ser etter deg som

  • Er mellom 15 og 18 år.
  • Har interesse for teknologi, kunst eller handverk.
  • Er positiv, ansvarleg og likar å jobbe med andre.
  • Ønskjer å lære nye ferdigheiter og dele kunnskap med andre.

Kva kan vi tilby?

  • Lønn for arbeidet ditt. Stillinga er lønna etter gjeldande tariffavtale, og timelønna utgjer kr. 156, 96 for personar som er yngre enn 16 år, og kr. 176, 54 for personar mellom 16 og 18 år.  
  • Ein god referanse og relevant erfaring frå den beste arbeidsplassen.
  • Verdifull erfaring og opplæring i bruk av moderne verktøy.
  • Moglegheit til å vere ein del av eit spennande og innovativt prosjekt.
  • Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • God støtte og rettleiing i korleis ein kan lage og gjennomføre verkstadane ved Ålesund og Skodje bibliotek.

Oppstart: starten av august 2025
Avslutning av arbeidsforholdet: desember 2025

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 31. mai 2025, så send inn søknaden din så snart som råd!

Korleis søke?

Send ein kort søknad med informasjon om deg sjølv og kvifor du ønskjer å bli ungdomsassistent. Søknaden sender du til biblioteksjef Lia Ciobanu Andresen til denne epostadressa: lia.ciobanu.andresen@alesund.kommune.no
Vi set stor pris på om søknaden inneheld eit bilete av deg og ein referanse frå ein lærar. Du kan også lage ein video og sende, i staden for ein skriftleg søknad.

Vi ønskjer å rekruttere 2 ungdomar som bur på Skodje til å arbeide på Skodje bibliotek, og 2-3 ungdomar som bur i Ålesund til å jobbe på Ålesund bibliotek. Dei aktuelle kandidatane blir først inviterte til eit gruppeintervju, og så eit individuelt intervju.

Bli med og gjer ein forskjell i lokalsamfunnet ditt! Vi gler oss til å høyre frå deg!