Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Leikebyttedag på Ålesund bibliotek

Grøn plakat med teksten "Barnas leikebyttedag på Ålesund bibliotek. Logoane til samarbeidspartnarane. - Klikk for stort bilete


Laurdag 25. mars inviterer vi alle barn til leikebyttedag på Ålesund bibliotek.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Slik fungerer det: Ta med deg inntil ti leiker som du har lyst til å byte vekk. Når du leverer dei, får du bongar som du kan bruke til å "betale" for dei leikene du vil ta med heim. Dette er leiker som andre barn har levert inn.

Å byte leiker er bra for både miljøet og lommeboka. Leikene dine kan vere akkurat det nokon andre ønskjer seg!

Husk at alt må vere reint og heilt! Mot slutten av dagen kan ein velje fritt frå leikene som er igjen - utan å levere inn noko sjølv.

Vil du levere inn leiker på forhand? Vi tar imot leiker frå onsdag 22. mars, så kom gjerne innom. Biblioteket sine opningstider 22.-24. mars er:
onsdag kl. 10 - 19
torsdag kl. 10 - 19
fredag kl. 10 - 16

Leikebyttedagen er eit samarbeid mellom Frivillighetssentralen, Framtiden i våre hender, Besteforeldrenes klimaaksjon, Hjelpegruppa i Ålesund og Ålesund bibliotek. 

Vi serverer kaffi og litt å bite i, så ta med heile familien! Kanskje de finn ei god bok å låne òg?

Velkomen!