Lesing er noko av det viktigaste ein gjer i livet. Det er viktig for utdanninga vår, då barn som les har betre føresetnader til å lukkast med skulefaga enn dei som ikkje les. Det er også viktig i eit folkeopplysningsperspektiv, og for å gje folk eit grunnlag for å kunne delta i samfunnet og demokratiet. Ikkje minst er lesing noko som gjev glede og gode opplevingar, og opnar opp for nye erfaringar, kunnskap og forståing.
For barn og unge er lesing spesielt viktig, likevel er det slik at denne gruppa les mindre enn før. Dette gjer at regjeringa har sett i gong arbeidet med å utforme ein strategi for å få fleire til å lese meir og halde på leselysta gjennom ungdomsåra og heile skuleløpet. Slik kan politikarane vere med på å legge til rette for auka leseglede og betre leseferdigheiter.
Også lokalpolitikarane våre har eit ansvar for å bidra til at barna held på lesegleda. Derfor har Ålesund og Moa bibliotek invitert listetoppane til dei politiske partia til å ta turen til biblioteket før årets val. Her kan dei bli betre kjent med biblioteket og dei mange lånarane våre, og dei har blitt utfordra til å ha ei høgtlesingsstund på barneavdelinga. Kvar av dei tek med seg ein av sine eigne barnebokfavorittar som dei vil dele med barna på biblioteket.
Desse politikarane kjem til biblioteka:
Anne Berit Støyva Emblem (Ap) kjem til Ålesund bibliotek laurdag 5. august kl. 14:00.
Håvard Urkedal (V) kjem til Ålesund bibliotek laurdag 12. august kl. 14:00.
Monica Molvær (H) kjem til Ålesund bibliotek laurdag 19. august kl. 14:00.
Jarle Hauge Steffenssen (MDG) kjem til Moa bibliotek laurdag 26. august kl. 12:00.
Kristine Solvang Nesvik (FrP) kjem til Ålesund bibliotek laurdag 26. august kl. 14:00.
Hans W Flisnes (Sp) kjem til Ålesund bibliotek laurdag 2. september, kl. 14:00.
Malena Strømmen Malakzadeh (Rødt) kjem til Moa bibliotek laurdag 2. september kl. 12:00.
Høgtlesingsstundene i biblioteka er sjølvsagt gratis. Dei er opne for alle, men vil likevel passe best for barn i alderen 4 til 8 år.