Klimapsykolog Per Espen Stoknes har blitt utfordra til å ta opp fylgjande tema:

- Korleis ta seg av apokalypsefatiguen
- oljeskatt for all klimasatsing
- korleis avkolonisere oss sjølve
- sivil ulydnad versus servil lydnad.
Stoknes har nok fleire ordspel på lager.

Ruth Lillegraven har gjennom sitt verke som forfattar mellom anna vist korleis illustrerte dikt for barn kan skildre og problematisere mennesket sin tilstand som del av ein kriseprega økologi. Ho er ein prisbelønna forfattar som skriv i fleire sjangrar. Lillegraven vil også besøke fleire barneskular i samband med besøket i Ålesund.
Ai-Ling i fylgje med fiolinelev Kamilla Wang frå Ålesund kulturskole syrgjer for musikkinnslag.
Klimabollar, kaffe og utlodning blir det og.
Alle er velkomne til Litteratur med klimablikk i Moa bibliotek onsdag 2. oktober kl. 18.00!
