Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Litteraturfestival igjen!

Promobilete for Ålesund litteraturfestival 2024 - Klikk for stort bilete


Ålesund litteraturfestival følgjer opp suksessen frå i fjor, og arrangerer ny litteraturfestival tre dagar til ende i slutten av januar. Vi startar det nye året med ei storslegen feiring av leselyst, bøker og flotte forfattarar! Årets program inneheld ei rekkje godbitar, og som i fjor er alle arrangementa gratis for publikum.

Ålesund Litteraturfestival 2024 vil finne stad frå 25. til 27. januar 2024. Festivalen vil framleis utforske litteraturen, men også inkludere eit spekter av kunstuttrykk, i tråd med styret sin visjon om å bringe varierte og engasjerande arrangement til publikum. 

Fjorårets festival blei ein realitet då forfattar Jon Ståle Ritland henvendte seg til dåveranda biblioteksjef Nesteren Hasani med ideen om ein litteraturfestival i Ålesund. Etter fleire opne møter med kreative sjeler, både blant ansatte og frivillige, har festivalen utvikla seg til å bli ei hjartevarm og inkluderande feiring av litteratur og kunst. Hasani er som i fjor styreleiar og har leidd arbeidet med å etablere ein solid organisasjon og struktur. I år har Hans Pareliussen tatt over stafettpinnen som gruppeleiar for programkomiteen.

Portrettfoto av Zeshan Shakar og Oliver Levrenski - Klikk for stort bilete

Litteraturen har kraft til å røre oss og framheve røyster. Vi lever i eit roleg land, men i ei urolig verd. Dette har programkomiteen vore opptekne av i arbeidet med å setje saman programmet for festivalen. Vi får oppleve nokre røyster frå dei urolege delane av verda. Den palestinske friby-forfattaren Somaya Sousi vil ha opplesning, og vi får besøk av den ukrainske poeten Iryna Shuvalova.

I tillegg vil bokhausten sin store snakkis Oliver Lovrenski, forfattaren av den kritikerroste debutromanen Da vi var yngre, delta i ein samtale med Zeshan Shakar, ein av dei mest omtalte og leste norske forfattarane dei siste åra. Lovrenski og Shakar møtest til samtale om oppvekst, fattigdom og skriving.

Bilete av Linda Eide. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete

«Nokon kjem til å kome», men det er ikkje Jon Fosse… Årets nobelprisvinnar er notorisk kjent for å unngå litteraturfestivalar. I staden kjem sjølvaste Linda Eide med forestillinga «Fosse for dumskallar», der ho med sitt sedvanlege skråblikk snakker om kva som kjenneteiknar Hardangers store son og no, altså, verdas første nynorske nobelprisvinnar.

Festivalen inkluderer også eit spanandede barneprogram. Det vert både leik, og eit underhaldande sceneprogram, mellom anna med besøk av vår tids kanskje største barnebokforfatter, Maria Parr. 

Bilete av Maria Parr. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete

Poesi vil naturlegvis også vere ein sentral del av programmet, med poesipub og open mic. Det blir slampoesi og techno fra duoen Fredrik Høyer og Bendik Baksås, og ikkje minst vil Endre Ruset framføre heile sin diktsyklus, Noriaki, saman med musikarane Stian Omenås og Jon Balke. 

På nettstaden til litteraturfestivalen kan du sjå heile programmet, og lese meir om dei ulike arrangementa og forfattarane. Nettstaden finn du her: Ålesund litteraturfestival.

Frivillig?

Dersom du vil vere frivillig under festivalen, kan du ta kontakt med Sigurd B. Syversen på epost: sigurd.biornstad.syversen@alesund.kommune.no eller mobil: 48105400.

Bilete av Inger Merete Hobbelstad, Kjartan Fløgstad og Maja Lunde. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete