Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Nye opningstider ved Ålesund bibliotek

Vi har starta med meirope bibliotek. I samband med dette er dei bemanna opningstidene noko reduserte. 
Dei nye opningstidene kan du sjå her. 
Du kan lese meir om meirope og korleis du får tilgang her. 

Litteraturfestivalen søkjer praktikant

Drøymer du om å jobbe med marknadsføring, sosiale medium og innhaldsproduksjon? Sjå her!

Har du alltid mobilen full av idéar til Instagram-innhald? Lagar du reels berre fordi det er gøy? Synest du marknadsføring, kommunikasjon og kultur høyrest spanande ut?

Då kan dette vere moglegheiten for deg!

Ålesund litteraturfestival 2027 søkjer ein kreativ og engasjert trainee/praktikant som ønskjer erfaring innan marknadsføring, kommunikasjon og innhaldsproduksjon.

Søknadsfrist er 18. oktober.

Kva er Ålesund litteraturfestival?

Ålesund Litteraturfestival er ein møteplass for litteratur, samfunnsdebatt, kultur og gode historier. I 2027 feirer festivalen sitt 5-årsjubileum, og vi ønskjer å nå enda fleire menneske gjennom kreativ og målretta marknadsføring. Som praktikant får du innblikk i korleis ein kulturfestival vert planlagt og gjennomført.

Omfang og periode

Praksisen gjennomførast i perioden frå slutten av oktober/byrjinga av november 2026 og fram til litteraturfestivalen i januar 2027. Arbeidet utgjer totalt ca. 70 - 80 timar, tilsvarande om lag 6 - 7 timar kvar veke. Arbeidstid avtalast nærare og kan tilpassast studiar, jobb eller andre plikter.

Finn ut meir

Stillingsannonse: Markedsføringspraktikant - Student/nyutdannet - Ålesund Litteraturfestival 2027 - arbeidsplassen.no

For spørsmål om stillinga, kontakt biblioteksjef for Ålesundsbiblioteka Lia Ciobanu Andresen.