Livssyn - kva sameiner oss? - Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Livssyn - kva sameiner oss?

Ein biskop, ein imam og to buddhistmunkar møtast til samtale på Ålesund bibliotek under The North West. Ikkje for å diskutere forskjellar, men for å utforske det dei har til felles.

Livssyn - hva forener oss?  Tirsdag 28. april 17.30.  Logoen til The North West.  Portrettfoto av alle deltakerne: Lia Ciobanu Andresen Samtaleleder og biblioteksjef. Ingeborg Midttømme Biskop i Møre bispedømme. Segvan Fathi Styreleder i Ålesund moské. Abbas Lawal Imam i  Ålesund moské. Phra Maha Chaovana Ngamsanguan-prapa  Buddhistmunk. Phra Wilai Longchin Buddhistmunk. - Klikk for stort bilete

Kva ber ulike trussamfunn i seg av felles verdiar – om omsorg, nestekjærleik og fellesskap? Og kva skjer når vi faktisk lyttar til kvarandre?

Under The North West 2026 inviterer vi til ein open og gratis samtale om livssyn, samhald og kva som sameiner oss på tvers av tru. Biblioteksjef Lia Ciobanu Andresen leier samtalen.

Gratis inngang.  Ålesund bibliotek, 28. april kl. 17.30.