Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Lys og fargar i mørket

Arnold Hoddevik stiller ut bilete på fotoveggen ved Ålesund bibliotek i august.
Bildet tatt av Skodjebruene i mørket - Klikk for stort bilete Arnold Hoddevik  

Arnold Hoddevik stiller ut bilete i Ålesund bibliotek sitt fotogalleri i tida 2.-31. august. Han er æresmedlem i skodje fotoklubb som han var med og stifta i 2010, og var nestleiar dei første 9 åra. 

Temaet for denne utstillinga er "Lys og fargar i mørket", og du kan sjå den i biblioteket si opningstid. Fotografering i mørket er utfordrande, men det er fengslande å balansere lyset og lokke fram fargane i mørket. 

Alt som barn likte Hoddevik å fotografere med familien sitt kamera. Blant favorittmotiva no er både elv og sjø, gjerne opprørt hav - og mørke. I mange år har Hoddevik gjort framkalling av bileta i programmet Adope Photoshop Lightroom Classic, gjeve opplæring og skrive bok om programmet. No utfører han også testing for Adobe. 

På nettstaden Arnoldfoto finn du fleire bilete, informasjon og tips om Lightroom og kontaktopplysningar. 

Velkomen innom!