Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Månadens klassikar i november: "Skyggekvinner"

Det er ny månad og ny klassikar å presentere for dykk. I november er det romanen “Skyggekvinner” av japanske Fumiko Enchi som er månadens klassikar. Romanen kom ut for første gong på norsk i 2025, og er omsett av Ingvill Kjærstein. Ho kjem til Ålesund bibliotek for å snakke om boka torsdag 12. november.

Collage med bilete av omslaget til boka "Skyggekvinner" og foto av forfattaren Fumiko Emchi. - Klikk for stort bilete

Presentert av Sigurd Biørnstad Syversen

I november er den japanske romanen Skyggekvinner (女坂 Onnazaka) frå 1957 månadens klassikar. Forfattar Fumiko Enchi reknast i Japan blant dei mest sentrale frå Shōwa-perioden, men ho vart først oversatt til norsk i 2025 av sykkylvingen Ingvill Kjærstein.

Romanen finn stad i Tokyo på slutten av 1800-tallet. Som fleire andre av Enchi sine romanar handler Skyggekvinner om japanske kvinner sine livsvilkår i eit tversgjennom patriarkalsk samfunn. Hovudpersonen Tomo har av ektemannen sin fått det nedverdigande oppdraget å velje ut ei ungjente for han – ei konkubine. Og etterkvart blir det fleire.

I eit finstemt kammerspill skildrer Enchi korleis kvinneliv blir kasta vekk for å tilfredsstille husbondens altoppslukande attrå, og det destruktive raseriet eit liv i slik ufridom avlar for kvinnene. Skyggekvinner er nemeleg ikkje berre ei historie om undertrykkande strukturar, men og ei djupboring i dei undertrykte sin psykologi. Som det heiter i romanen: «Når hun betraktet andre kvinner, var det ikke med en kvinnes blikk, men slik en mann ubevisst leter etter en mykhet uten skarpe kanter.»

Torsdag 12. november kl. 18.00 kan du høyre omsettar Ingvill Kjærstein fortelje om romanen og arbeidet med å omsette den på Ålesund bibliotek.  

Om prosjektet Månadens klassikar

I Månadens klassikar presenterer vi altså kvar månad ein klassikar som vi meiner fortener å bli løfta fram og lesen på nytt, eller kanskje for første gong. Vi inkluderer både kjente og mindre kjente klassikarar frå verdslitteraturen. Målet er å gje ein inngang til bøkene som gjer at den er lettare å plukke ned frå hylla og sette i gang med.

Dette er ei moglegheit for alle til å bli betre kjent med dei store klassikarane i litteraturen. Bøkene blir presenterte her på heimesida. Vi lagar også ei utstilling med månadens verk og eventuelt andre bøker eller medium som høver, i biblioteka.

I løpet av månaden vil vi òg ha små eller store arrangement knytt til boka. Det kan være miniføredrag om boka og forfattaren, samtaler der vi diskuterer boka, quiz, høgtlesing, filmvisning eller anna. Arrangementa vil ein etter kvart finne i kalenderen på heimesida.

Vi håper at dette vil gje dykk inspirasjon til å hente fram og glede seg over dei store klassikarane i litteraturen. Anten en les heilt på eigahand, eller les boka saman med andre, så er dette eit utmerkt høve til å auke si litterære danning.

God lesnad!

Logo med burgunder bakgrunn, ei oppslått bok og ein fjørpenn i kvitt, og teksten "Månadens klassikar". - Klikk for stort bilete