Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Månadens klassikar

No i oktober startar Ålesundsbiblioteka opp med "Månadens klassikar". Her vil vil presentere klassikarar som vi meiner fortener å bli løfta fram, både dei kjente og mindre kjente. Den første boka ut er Markens grøde av Knut Hamsun.

Logo med burgunder bakgrunn, ei oppslått bok og ein fjørpenn i kvitt, og teksten "Månadens klassikar". - Klikk for stort bilete

Dette er ei moglegheit for alle til å bli betre kjent med dei store klassikarane i litteraturen. I prosjektet “Månadens klassikar” vil vi presentere éi bok i månaden på heimesida og i sosiale medium. Vi lagar også ei utstilling rundt månadens klassikar i biblioteka. I løpet av månaden vil vi også ha små eller store arrangement knytt til boka. Det kan være miniføredrag om boka og forfattaren, samtaler der vi diskuterer boka, quiz, høgtlesing, filmvisning eller anna. 

Målet er at dette vil inspirere til å hente fram og glede seg over dei store klassikarane i litteraturen. Anten en les heilt på eigahand eller les boka saman med andre, så er dette eit utmerkt høve til å auke si litterære danning.

Vi startar i oktober med Knut Hamsuns Markens grøde (1917). Det er vår eminente bibliotekar Anne Marit Huse som presenterer denne boka. Andre bøker vi presenterer i haust er Skyggekvinner av Fumiko Enchi og En julefortelling av Charles Dickens. På nyåret kan vi freiste med bøker av mellom anna Roald Dahl, William Faulkner, Tove Jansson og Arne Garborg.

Arrangement i oktober

I tillegg til presentasjonen av Markens grøde på heimesida, i biblioteka og på sosiale medium, skal Moa bibliotek også ha eit arrangement rundt boka torsdag 22. oktober. Då vil bibliotekar Anne Marit har ein noko lengre presentasjon av forfattaren og verket. Det blir høgtlesing og musikk, og til slutt ein quiz, der vinnaren kan sikre seg to kinobilletter til premieren på nyinnspelinga av Markens grøde på Odeon kino. 

Alle klassikarane vil du etter kvart finne på denne samlesida:

Månadens klassikar

Vi legg dei også ut på framsida i starten av kvar månad. Her får du den første.

Månadens klassikar i oktober: Markens grøde av Knut Hamsun

Kollasje med omslaget frå ei tidleg utgåve av Markens grøde, og eit protrett av Knut Hamsun som vaksen mann.  - Klikk for stort bilete

Presentert av Anne Marit Huse

Markens grøde er ein roman av den norske forfattaren Knut Hamsun. Den vart utgitt for første gong i 1917 og det var for denne romanen at Hamsun fekk nobelprisen i litteratur i 1920.

Romanen startar ikonisk med at Isak ber på ei bør og går innover i eit veglaust og udyrka terreng ein stad i Nord-Norge. Han er ein taus og sterk mann som berre har seg sjølv og kreftene sine å stola på. Han finn plassen sin, set opp ei enkel jordgamme og byrjar det harde arbeidet med å bryta jorda. 

Han får etter kvart selskap av Inger, som han giftar seg og får barn med. Når eit av borna, til liks med Inger, vert fødd med misdanninga hareskår (leppe-gane-spalte), blir Inger så fortvila at ho drep det nyfødde barnet. Ugjerninga vert oppdaga og Inger får eit langt opphald på tukthus i Trondheim.

Svart-kvitt foto av Knut Hamsun i ein åker saman med ukjend mann på traktor. Biletet er teke på Nørholm ved Grimstad, der Hamsun budde og dreiv garden. - Klikk for stort bileteHamsun i åkeren på Nørholm ved Grimstad. Han kjøpte herregarden Nørholm i 1918, og brukte nobelprispengane til å gjere den om til eit mønsterbruk. Anders Beer Wilse

Hamsun skreiv romanen under den første verdskrigen, noko som farga historia med ein djup kritikk av det moderne, kaotiske samfunnet. Opninga peikar mot eit ideal om sjølvberging og ein retur til det ekte, naturlege livet.

Romanen har også blitt lest som innlegg i debatten om straff for barnedrap som Hamsun tok aktivt del i.

Markens grøde er ein av dei mest kjente og leste romanane i norsk litteratur, den kjem stadig i nye utgåver og opplag og er jamt på utlån i biblioteket. Den vart filmatisert som stumfilm allereie i 1921 og i slutten av oktober 2026 kjem ei ny filmatisering av regissør Hans Petter Moland. 

Omslagsbilete av ei 2026-utgåve av boka Markens grøde. Omslaget viser dei to hovudpersonane slik dei er framstilt i filmen frå 2026. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete