Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Mangfald, integrering og journalistikk: ein inspirerande dag med Kadafi Zaman.

Førre veke fekk eit stort publikum i Ålesund bibliotek høve til å møte den kjende TV2-journalisten Kadafi Zaman. Besøket var eit samarbeid mellom Ålesundsbiblioteka og Møre og Romsdal Røde Kors.

Kadafi Zaman på scenen foran et lerret. På lerret ser vi projisert to avisutklipp, det ene fra VG.  - Klikk for stort bilete

Den 17. september hadde Ålesund bibliotek besøk av TV2-journalist og forfattar Kadafi Zaman, som mellom anna er kjend frå den prisvinnande dokumentaren Norge bak fasaden. Gjennom 20 år som journalist har Zaman dekka alt frå jakt på gangsterar og ekstremistar til kriser og konfliktar – både i Noreg og internasjonalt. 

Besøket kom til i samarbeid mellom Røde Kors og Ålesund bibliotek, og inkluderte føredrag og workshop for frivillige og tillitsvalde i Røde Kors i tillegg til eit ope føredrag i biblioteket på kvelden.

Workshop for Røde Kors

TV2-journalist Kadafi Zaman holder foredrag for publikum som sitter på stolrader med ryggen mot fotografen. På en skjerm ved siden av Zaman ser vi et bilde av barn som går på ski. - Klikk for stort bilete

Dagen starta i kantina på Rådhuset, der Møre og Romsdal Røde Kors samla seg for å reflektere over emna mangfald og diskriminering. Kadafi Zaman innleia med å fortelje om sin bakgrunn og si personlege historie. 

Med varme og engasjement delte han sine røter, oppvekst og sitt brennande engasjement for å formidle nyhende til det norske folk. Han framheva det modige valet foreldra hans tok då dei flytte frå Pakistan til Noreg på 70-talet – eit val som ga barna ei betre framtid. Hadde dei valt annleis, ville Kadafi truleg blitt bonde i Punjab i staden for profilert TV2-reporter.

Etter føredraget følgde ein workshop der deltakarane reflekterte over mangfald og diskriminering, og diskuterte kva slags verktøy dei kan bruke når dei møter fordommar i kvardagen. Gjennom ulike dilemmaoppgåver blei dei oppmuntra til å finne kreative løysingar. Det var matservering undervegs, og stemninga var prega av engasjement og aktiv deltaking.

Føredrag i biblioteket

På kvelden fortsette programmet med eit ope føredrag for alle på Ålesund bibliotek. 

To kvinner står i lyset på en scene, ved siden av et lerret som viser et bilde og teksten Den norske drømmen. I forgrunnen ser vi hodene på publikum i den mørklagte salen.  - Klikk for stort bilete

Publikum i den fullsette salen fekk eit levande innblikk i Kadafi Zamans liv og oppvekst, og hans aktive engasjement for viktige samfunnsspørsmål. 

Mange uttrykte at det var både inspirerande og gjevande å høyre journalisten fortelje om si reise og sitt arbeid.

Vi takkar Møre og Romsdal Røde Kors for samarbeidet!