Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Forfattarbesøk med Kathrine Nedrejord avlyst

Kathrine Nedrejord måtte dessverre avlyse det planlagde besøket ved Ålesund og Skodje bibliotek tysdag 14. oktober. Vi seier oss leie for dette, og håper å kunne ønskje henne velkomen ved eit seinare høve.

Markering av den internasjonale kvinnedagen

Moa bibliotek feirer kvinnedagen laurdag 8. mars med arrangement for både barn og vaksne, i samarbeid med 8. mars-komiteen i Ålesund.

Plakat i raudt og kvitt med teksten "8. mars. Den internasjonale kvinnedagen", og logoen til kvinnedagen på.  - Klikk for stort bilete

Velkommen til Moa bibliotek og ei innhaldsrik feiring av den internasjonale kvinnedagen 2025. Alle arrangementa er gratis og opne for alle, og er i samarbeid med 8. mars-komiteen i Ålesund.

Program for dagen:

11.00 – Bokkino og Snurr film

Vi startar dagen med bokkino med Pippi Langstrømpe, og ser deretter kortfilmen Snill, basert på biletboka av Gro Dahle.

12.00 – Buttonsverkstad

Lag dine eigne buttons med inspirerande bodskap om kvinnedagen!

13.00 – Panelsamtale om kvinnedagen

Vi har invitert fleire spanandede gjestar til ein panelsamtale om kvinnedagen:

·         Sandra De Oliveira, seniorrådgivar for Gatemegling og Fellesverket. Ho vil snakke om korleis Raude Kross og Fellesverket Dragen jobbar for å fremje kvinner og jenter sine rettar.  Ho har eksempel frå førebyggande arbeid rundt hatprat og diskriminering.

·         Hanne Jarnes, helsesjukepleiar ved Blindheim ungdomsskole. Ho vil snakke om aukande negative trender blant ungdom når det gjeld kvinnesyn og kjønnsroller. Korleis kan ein snakke med ungdom for å motverke den negative utviklinga?

·         Edit Hellevik Bergstøl, representant frå AUF.  Ho representerer ungdom sin eigen stemme.

 

Musikkinnslag og diktopplesning

Vi avsluttar dagen med eit musikkinnslag frå ein flyktning frå Ukraina og diktopplesing.