Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Mellom bygd og by

Foto av eit av bileta til Evy  Anne Brotnaow. - Klikk for stort bilete


I juli og august er det Evy Anne Brotnow som stiller ut bileta sine ved kunstgalleriet ved Ålesund bibliotek.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Biletkunstnar Evy Anne Brotnow er utdanna ved Ytre kunstfagskole, og bur i Tennfjorden utanfor Ålesund. Brotnow driv atelier og Galleri 2020 i Spjelkavika. Dette er eit kunstfelleskap som ho deler med to andre kunstnarar. Bileta hennar finn du også i Sandefjord, der ho er fast kunstnar ved Galleri ER.

Om bakgrunnen for utstillinga fortel ho: "Eg malar gjerne bilete som fangar augeblikk. Augeblikka har ei historie i seg, gjerne med eit hint av nostalgi. Eg arbeider intuitivt med å skape forhold mellom menneska og landskapa dei oppheld seg i. Eg likar at bileta balanserer fint på linje mellom harmoni og disharmoni, og det melankolske mot det dramatiske. Kontrasten mellom det abstrakte og det figurative gjer at maleria lagar spelerom for eigne tolkingar. Symbolikken står sterkt i bileta, og tekst og tittel er med på å underbyggje historia eg ynskjer å fortelje».

Utstillinga kallar ho for «Mellom bygd og by», og du kan sjå den i biblioteket si opningstid fram til 31. august.

For fleire bilete og kontaktinformasjon, kan du gå til denne nettsida: https://evyannebrotnow.com/