Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Møt norske ambassadørar på Ålesund bibliotek

Korleis arbeider Noreg for å fremje fred, samarbeid og norske interesser i ei verd prega av krig, uro og raske endringar? Søndag 16. august får publikum ei unik moglegheit til å kome tett på nokre av dei fremste diplomatane i landet når Ålesund bibliotek inviterer til folkemøtet “Noreg i ei uroleg verd: Kan Noreg gjere ein forskjell?”.

Fotomontasje med bilder av alle de fem ambassadørene - Klikk for stort bilete

I samband med Utanriksdepartementet sitt årlege stasjonssjefsmøte, kjem fleire norske ambassadørar og diplomatar til Ålesund. Gjennom ein open og uformell panelsamtale vil dei dele erfaringar frå sine oppdrag rundt om i verda og gje eit innblikk i korleis norsk utanrikspolitikk fungerer i praksis. 

Panelet består av:

May-Elin Stener, Noregs ambassadør til India. Ho har tidlegare tenestegjort i både New York og Sør-Afrika.

Christian Syse, som snart tek til som ambassadør ved Noregs delegasjon til OECD og UNESCO i Paris, med ansvar for økonomisk samarbeid. Han har tidlegare vore ambassadør i Sverige og UDs spesialrepresentant for Ukraina.

Siv Cathrine Moe, Noregs ambassadør til Kenya. Ho har også erfaring frå FN-delegasjonen i New York og har tidlegare vore stasjonert i Nairobi.

Helene Sand Andresen, ambassadør med ansvar for Sentral-Asia. Ho har arbeidd i Afghanistan og Iran, og var sist Noregs ambassadør i Kyiv under krigen i Ukraina.

Tobias Svenningsen, generalkonsul i Shanghai. Han har tidlegare vore stasjonert i Island, Canada og Tyskland, og arbeider no særleg med å styrke norsk næringsliv i Kina.

Samtalen vil røre ved tema som internasjonalt samarbeid, sikkerheit, handel, diplomati og Noregs rolle i møte med globale utfordringar. Publikum får også høve til å stille spørsmål direkte til panelet.

Panelsamtalen vil gå føre seg på norsk, og arrangementet er gratis og ope for alle. Tidspunktet er søndag 16. august kl. 16.00–18.00.

Velkomen til ein spennande, innsiktsfull og aktuell samtale om Noregs plass i verda, og om korleis norske diplomatar arbeider for å gjere ein forskjell i ei uroleg tid.