Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

«Møter» av fotograf Jan Roald

I mars er det fotograf Jan Roald som skal ha utstilling på kunstveggen til biblioteket. Utstillinga er ein portrettserie med bilete han kallar «Møter». 
 

Foto i svart-kvitt av ei byste under arbeid. - Klikk for stort bilete Jan Roald
Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Jan Roald har halde på med fotografering sidan midten av sekstitalet, og han er eit aktivt medlem av Ålesund kameraklubb. Han har hatt fleire utstillingar og fått utmerkingar innan fotografering. I tillegg har han hatt tre prosjekt saman med skulptøren Leon Roald frå Vigra. I det siste dokumenterte han arbeidet til Leon då han laga ei byste av Roald Amundsen i høve 150-årsmarkeringa i Kolbotn, frå den spede byrjing til ferdig resultat.  Bysta til Leon Roald og 29 portrettfotografi frå arbeidet, med tittelen «Skapelse», vart avduka på Kolbotn 24. september 2022. 

Både dette prosjektet og utstillinga «Møter» kan du høyre Jan Roald fortelje meir om i eit foredrag om kunstnarskapen sin, den 9. mars kl. 12.00 på Ålesund bibliotek i sentrum.  

Kom og sjå utstillinga i biblioteket si opningstid i heile mars.  Gratis og ope for alle. 

 Velkomen!