
I november samlast menneske over heile Norden til Nordisk litteraturveke, ei årleg markering som fremjar leseglede, nordisk litteratur og fellesskap gjennom høgtlesing, litterære møte og kulturarrangement. Tema i år er «Demokrati i Norden». Det handlar om fridom, likeverd, ytringsfridom, toleranse og kor viktig det er å ivareta dei demokratiske verdiane som bind dei nordiske landa saman.
For å markere Nordisk litteraturveke 2026 har Ålesundsbiblioteka søkt støtte frå Kulturdirektoratet til prosjektet «Når litteraturen skaper samhald – Nordisk litteraturveke». Prosjektet omfattar arrangement ved Ålesund bibliotek, Moa bibliotek, Sjøholt bibliotek og Ålesund fengselsbibliotek.
Gjennom forfattarmøte, høgtlesing, litterære samtaler og utstillingar ønskjer Ålesundsbiblioteka å vise korleis litteratur kan skape fellesskap på tvers av generasjonar, språk, kulturar og livssituasjonar.
Program under Nordisk litteraturveke
Skumringstimen
Måndag 9. november kl. 18.00 Moa bibliotek
Høgtlesing på fleire nordiske språk frå årets utvalde bok De kommer til å drukne i sine mødres tårer av Johannes Anyuru.
Morgengry for barn og unge

Onsdag 11. november kl. 09.00 Moa bibliotek
Morgengry er Nordisk litteraturveke si høgtlesningsstund for barn og unge. Årets bok er den danske barneboka Hvem bestemmer noget? av Jesper Wung-Sung, illustrert av finske Jenny Lucander.
Forfattarmøte med Laura Djupvik
Onsdag 11. november kl. 18.00 Sjøholt bibliotek
Den prisbelønte sunnmørsforfattaren Laura Djupvik presenterer den aktuelle romanen Nattbarnet og samtaler om identitet, familiehistorier, språk og tilhørsle. Arrangementet bidreg til å styrke litteraturtilbudet i distrikta og sikre brei tilgang til kvalitetslitteratur i heile kommunen.
Krimkveld med Laura Djupvik og Martin Baldysz
Torsdag 12. november kl. 18.00 Moa bibliotek
Moa bibliotek inviterer til ein spanande litterær kveld med Laura Djupvik og Martin Baldysz, som er aktuelle med bøkene Nattbarnet og Stille grender. Samtalen vil utforske korleis lokalhistorie, identitet og den nordiske krimtradisjonen speglar samfunnet rundt oss. Samtaleleiar på krimkvelden er Ola Hegdal, litteraturanmeldar og kjend frå NRK.
Arrangementet gjennomførast i samarbeid med Borgund Mållag og Foreningen Norden.
Morgengry for barnehagar
Fredag 13. november kl. 11.00 Ålesund bibliotek
Alle barnehagar inviterast til ei eigen høgtlesningsstund der dei yngste får møte nordisk litteratur gjennom fortellingar, fellesskap og leseglede.
Litteratur for alle
Som ein del av prosjektet vil Laura Djupvik også besøke Ålesund fengselsbibliotek, der ho møter innsatte til samtale om litteratur, identitet og livserfaringar. Gjennom dette ønsker biblioteket å sikre at også grupper som ofte står utanfor ordinære kulturtilbud får tilgang til litterære opplevingarog forfattarmøte.
Samarbeid for eit sterkare nordisk fellesskap
Prosjektet gjennomførast i samarbeid med Foreningen Norden, Borgund Mållag og skoleprosjektkoordinator i Ålesund kommune. Saman ønskjer partane å styrke leselysta, løfte fram nordisk litteratur og skape møteplassar der menneske kan møtast gjennom historier og samtaler.
Gjennom Nordisk litteraturveke 2026 ønskjer Ålesundsbiblioteka å vise at litteratur ikkje berre handlar om bøker, men også om fellesskap, identitet, demokrati og samhold.