Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Nasjonale bibliotekdagar og Lesetimen 2024!

Ålesundsbiblioteka markerer nasjonale bibliotekdagar frå 2.-8. september. Denne veka løftar vi fram gamle og nye lesearrangement både for vaksne og barn.

Bilete av lesekioskene i gågata i Ålesund, ein raud tidlegare telefonkiosk. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete


Norsk bibliotekforening (NBF) har markert nasjonale bibliotekdagar sidan 2013. Biblioteka er av dei viktigaste institusjonane i demokratiet vårt. Formålet med nasjonale bibliotekdagar er å synleggjere viktigheita og betydninga biblioteka kan ha i samfunnet. Lesetimen, eller Read Hour, blir markert den 8. september kvart år. Kampanjen oppmuntrar alle til å lese éin time på FN sin internasjonale dag for lese- og skriveferdigheiter. Lesetimen er eit initiativ frå den finske organisasjonen Barn- och ungdomsstiftelsen. I 2024 samarbeider Leser søker bok, Foreningen! les og LO om gjennomføringa av Lesetimen i Noreg.

Måndag 2. september startar vi opp igjen arrangementet Samlesing på Ålesund bibliotek. Samlesing (Shared Reading) er også kjend som Les i lag eller Åpen lesesirkel. Alle som er gamle nok til å lese vaksenbøker er velkomne. Vi sit rundt eit bord, og ein leseleiar les en tekst høgt. Etterpå snakkar vi om teksten saman.

Onsdag 4. september inviterer vi til lesestund med servering av bollar til alle barn ved lesekiosken i gågata. Lesekiosken har sidan opninga i 2021 vore flittig i bruk. Lesekiosk er et nasjonalt litteraturformidlingsprosjekt i regi av Foreningen !les. Frå 2019 har 100 telefonkioskar i Noreg blitt pussa opp og fylt med bøker. Formålet med prosjektet har vore å gjere litteratur og gode leseopplevelsar lett tilgjengeleg for alle. Her kan du altså legge frå deg ei bok du har lest, og forsyne deg med ei ny.

På hovudbiblioteket kl. 16.30 lanserer vi det nye konseptet Høgtlesing i voksenavdelinga – analog afterwork i biblioteket. Her inviterer vi til ein skjermfri halvtime på biblioteket der vi les ei novelle eller eit utdrag frå ein roman til deg. Du kan strikke, teikne eller berre lene deg tilbake og lytte. Mobilen ligg stille avskrudd eller i veska. Dette blir eit fast arrangement hos oss den første onsdagen i kvar månad.

Etter høgtlesinga feirar vi med minikonsert med musikar Lars Øverås. Vi spanderer kaffi og kake på dei som tek turen innom biblioteket.

Bilete av musikar Lars Øverås, med kassegitar. Foto i fargar. - Klikk for stort bileteLars Øverås held konsert på Ålesund bibliotek torsdag.

Torsdag 5. september arrangerer vi Lesing og leselyst - inspirasjonskveld i Moa bibliotek. Her presenterer bibliotektilsette bøkene som er nominert til bibliotekets litteraturpris. Vi skal også gi tips og råd til deg som har lyst å bli med i ei lesegruppe, og gi deg smakebitar på den kommande bokhøsten.

Skodje bibliotek ønskjer velkommen til lesestund søndag 8. september kl. 13.00. Då vil forfattar Kristin Vågene lese eit utdrag frå boka si Josefine og dei andre dyra i Grasdalen. Kristin Vågene er utdanna hagebrukskandidat, og har vore tilsett i skuleverket sidan 1980. Saman med mannen Harald har ho drive garden i Grasdalen i over tretti år. Kristin er representert med tekstar i ulike antologiar og har skrive fleire lokalhistoriske bøker.

Ta turen innom biblioteket ditt denne veka, og sett fokus på viktigheita av bibliotek og leselyst saman med oss!

Arrangementa er støtta av Foreningen !les