Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Statusoppdatering om KI-kurset

Alle som har søkt om plass på kurset i kunstig intelligens har no fått ein epost med status på søknaden. Vennligst sjekk innboksa di, og ver merksam på at eposten kan ha hamna i søppelpost/spam. 
Takk for den store interessa for kurset vårt! Vi ønskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Nasjonale bibliotekdagar

Frå 28. september til 3. september markerer vi Nasjonale bibliotekdagar i biblioteka våre. Nasjonale bibliotekdagar er ei årleg markering, som har som formål å skape blest rundt biblioteka og alt som skjer der. Vi vil synleggjere biblioteka både for folk flest og for politikarar og andre som tek avgjerdsler som gjeld biblioteka si framtid.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Det er Norsk Bibliotekforening som står bak denne markeringa, som tidlegare vart markert berre ein dag. I år vart den utvida til ei heil veke. Denne veka vil bibliotek over heile landet ha ekstra fokus på å synleggjere det som allereie skjer rundt om i biblioteka, gjennomføre arrangement av ulike slag, og formidle bøker og leseglede. Tema for Nasjonale bibliotekdagar i år er "Politikk og leselyst". 

Ålesundsbiblioteka markerer Nasjonale bibliotekdagar på fleire vis. Ålesund og Moa bibliotek var tidleg ute med arrangementsrekka "Les for oss!". Her har vi invitert nokre av lokalpolitikarane som stiller til val no i haust til biblioteket. Her har dei fått i oppdrag å ha ei høgtlesingsstund på barneavdelinga, og slik vere med på å spre leseglede til barna. Dei to siste høgtlesingsstundene blir laurdag 2. september. Då kjem Malena Strømmen Malakzadeh frå Raudt til Moa bibliotek, og Hans Willy Flisnes frå Senterpartiet kjem til Ålesund bibliotek.

Moa bibliotek har også hatt arrangementet "Lesing og leselyst" i samband med Nasjonale bibliotekdagar. På Brattvåg bibliotek blir det høgtlesing for vaksne fredag 1. september. Då vil bibliotekar Elin lese tekstar av André Bjerke og Tove Jansson. I Brattvåg blir det også bokkino for barn laurdag 2. september.

Det blir elles utstillingar, eventyrstunder og anna i biblioteka rundt omkring, så ta turen innom - og ta gjerne med deg nokon som ikkje har vore på biblioteket før!