Norsk Bibliotektransport er konkurs
Tysdag 14. april kom nyheita om at Norsk Bibliotektransport AS er konkurs. Dette får konsekvensar for bibliotek og bibliotekbrukarar over store delar av landet.

Situasjonen er framleis uavklart, og vi vil informere lånarane våre fortløpande. Vi arbeider med å få på plass ei førebels ordning for transport mellom Moa og Ålesund bibliotek, men det kjem til å ta lengre tid enn normalt. Elles gjeld dette:
- Reservasjon mellom biblioteka i Ålesund kommune: Vi oppmodar alle til å hente bøker på det biblioteket som har eit ledig eksemplar så langt det er mogleg. Det blir førebels ikkje mogleg å reservere bøker til/frå Harøy, Skodje eller Sjøholt bibliotek.
- Innlevering: Vi oppmodar alle til å levere inn bøker til biblioteket som eig dei. Dette gjeld særleg om du har lånt dei i ein annan kommune.
- Stans i fjernlån: Alle fjernlån og innlån vert førebels stansa. Det vil seie at du ikkje kan reservere bøker og anna materiale frå bibliotek i andre kommunar. Bøker som allereie er reserverte kan bli forseinka eller returnerte.
- Stans i bestillingar via Biblioteksøk: Det blir heller ikkje mogleg å reservere bøker sjølve gjennom Nasjonalbiblioteket sine nettsider (biblioteksok.no).
Du kan lese meir om saka på Bok og bibliotek.
Vi takkar for tolmodet!
Sist endra 30.04.2026 10.22