
Til deg som allereie brukar BookBites:
Leseappen BookBites blir til Biblio i løpet av april. Du må laste ned ein ny app, men alt du har i BookBites i dag, blir med vidare til Biblio.
1. Last ned Biblio
Du finn Biblio i App Store og Google Play. Du kan òg bruke Biblio i nettlesaren din: https://biblio.app.
2. Logg inn
Har du brukt BookBites før, loggar du inn med same brukarnamn og passord i Biblio. Du skal ikkje opprette ein ny brukar i Biblio. Velg difor «Logg inn».
Alt du har lånt blir med vidare.
Ikkje få panikk! Alt du hadde i BookBites, finn du att i Biblio:
• Lån
• Reservasjonar
• Hugseliste
• Lesne bøker
Til deg som ikkje har brukt BookBites før:
Visste du at du kan lese og lytte til bibliotekbøker digitalt?
Du kan låne e-bøker og lydbøker frå biblioteket i Biblio-appen. Last ned Biblio og lån og les di første bok allereie i dag!
Slik gjer du:
1. Last ned Biblio
For å låne e-bøker og lydbøker frå biblioteket, må du laste ned Biblio fra App Store eller Google Play. Du kan òg bruke Biblio i nettlesaren din: https://biblio.app
2. Opprett brukar
Opprett ein brukar med e-postadressa eller bibliotekkortet ditt. For å få tilgang til bøker i Biblio må du knytte eit bibliotekkort til brukaren din.