Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Reduserte opningstider ved Harøy bibliotek

I perioden frå og med 19. mai til og med 3. juni har Harøy bibliotek desse opningstidene:
Måndag, tysdag og torsdag: kl. 13.00–16.00

Måndag 27. mai held biblioteket stengt.

Nye opningstider ved Sjøholt bibliotek

Frå veke 33 har Sjøholt bibliotek nye opningstider. I tillegg til bemanna opningstid, er biblioteket meirope kvar dag. Innbyggartorget hjelper også til dei dagane biblioteket er ubemanna. 

Kvite bokhyller, utstillingsbord med bøker. Foto. - Klikk for stort bilete Laura Skiriene

Måndag 12. august startar Sjøholt bibliotek opp igjen etter sommaren med nye opningstider. Då er biblioteket ope og bemanna måndagar og torsdagar kl. 12-18. 

Innbyggartorget på Sjøholt kan hjelpe deg dei dagane biblioteket ikkje er bemanna. Då kan du kome innom i Innbyggartorget si opningstid, som er kl. 09-14 måndag til fredag. Då må du også hugse å ta med lånekortet ditt. 

Du kan også bruke lånekortet til å låse deg inn på meirope bibliotek. Biblioteket er meirope kl. 09-22 måndag til fredag, og kl. 10-22 laurdag og søndag. For å få tilgang til meirope bibliotek kan du ta kontakt med bibliotekpersonalet i den bemanna opningstida, så hjelper vi deg. 

Her finn du oversikt over biblioteket sine opningstider og meir informasjon om Sjøholt bibliotek: 

Sjøholt bibliotek

Velkommen til Sjøholt bibliotek!