Nynorsk topptur med Arnfinn Kolerud Bli ein god nynorskaktivist saman med Arnfinn Kolerud på Moa bibliotek! Kolerud kjem til biblioteket torsdag 21. september. Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon. Arnfinn Kolerud har gått all-in i språkdebatten med dei tre romanane «Når ein først skal skyte nokon», «Kom ikkje inn i mitt hus» og «Gamle menn i syningom». Handlinga går føre seg i den aller siste nynorske bygda, i ei tid der bokmål og engelsk vinn fram på alle frontar. Ord for ord må nynorsken vike. «Det er utviklinga, blir det sagt. Ein skal ikkje stå i mot utviklinga.» Bendik Uføre og dei andre nynorskingane utfører likevel dristige aksjonar inne i bokmålsområda, for at språket deira skal overleve og ein gong i framtida nå nye høgder. Med utgangspunkt i trilogien gir forfattaren tips om korleis vi alle kan bli gode nynorskaktivistar, anten det er gjennom dikt-på-do, korrekturlesing og korrekturbrodering, eller på meir utagerande og framfusent vis. Arrangementet er eit samarbeid mellom Moa bibliotek og Borgund Mållag. Velkomen! Sist endra 06.09.2023 14.46