Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek er stengt laurdag 27. juli.

Nyopning for Skodje bibliotek

Foto av mange barn rundt bord og stolar på biblioteket. - Klikk for stort bilete Laura Skiriene

Torsdag 4. mai blir det opningsfest på Skodje bibliotek. Biblioteket har blitt pussa opp og fornya, og inviterer no alle inn for å sjå korleis det har blitt.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Som ein del av prosjektet «Det levande bibliotek» har Skodje bibliotek det siste året gjennomgått ein fornyingsprosess. Lokala og publikumstilbodet er oppdaterte med mål om at biblioteket skal bli ei forlenga stue for alle. I dette konseptet ligg det auka samarbeid med både nye aktørar og innbyggjarane, for å saman skape nytt innhald og nye tilbod.

No vil vi markere opninga av nye Skodje bibliotek, og ønsker med dette å invitere deg til å bli med å feire det vi har fått til, og det vi skal få til saman i framtida.

Møt opp til opningsfest på Skodje bibliotek torsdag 4. mai kl. 10.00-11.30. Det blir enkel servering.

Skodje bibliotek – ein levande stad å vere!

Foto av to gutar som sit med kvar sin bærbar PC i biblioteket. - Klikk for stort bilete Laura Skiriene