Ope for fjernlån igjenEi ny ordning for transport mellom biblioteka har kome på plass, etter at Norsk Bibliotektransport gjekk konkurs i april. Biblioteka er derfor opne for både fjernlån og reserveringar på tvers av biblioteka igjen. Transportfirmaet Nor-Log har tatt over transporten mellom biblioteka, og har no begynt å køyre ut bøker som har lege på vent rundt om. Derfor er det igjen mogleg å bestille bøker på fjernlån frå andre bibliotek i landet. Du kan også reservere bøker frå dei andre biblioteka i Ålesund kommune, og du kan levere inn bøkene som du har lånt ved alle biblioteka. Biblioteksøk er ikkje opna for at privatpersonar kan bestille der enda, men det kan biblioteket gjere for deg inntil vidare. Vi tek atterhald om at det kan bli nokre innkøyringsproblem i denne overgangsfasen med ein ny transportør, så vi kan ikkje garantere at bøkene kjem like raskt og greitt som dei brukar. Vi ber om forståing for dette, og vi vil gjere det vi kan for at de skal få bøkene så raskt som råd. Vi takkar for tolmodet de har vist i denne perioden! Sist endra 06.05.2026 09.54