Vi oppgraderer barneavdelinga til å bli meir barnevennleg og brukarorientert. På grunn av dette må vi dessverre halde området til barneavdelinga i biblioteket avstengt fram til 22. januar.
Vi har laga til ei mellombels barneavdeling i vaksenavdelinga, slik at det framleis skal vere mogleg å finne fram til bøker og anna. Det blir også eit lite område der barn og unge kan opphalde seg og drive med ulike aktivitetar, sjølv om nokre av tenestene, slik som lån av PC, ikkje er tilgjengelege i dei vekene arbeidet går føre seg.
Toaletta i biblioteket blir også pussa opp i same perioden. Vi har derfor ikkje tilgjengeleg toalett før etter nyttår. Vi seier oss leie for ulempa det fører med seg, men gler oss til å kunne tilbyde nye, flott oppussa toalettfasilitetar snart!