Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Oppussing ved Ålesund bibliotek

Open malingsboks med ein pensel. Foto. - Klikk for stort bilete

Dei neste vekene blir toaletta ved Ålesund bibliotek renoverte. Dette er første del av ei større oppgradering av biblioteket. Arbeidet er etterlengta av både lånarar og tilsette, men vil også innebere endringar i opningstidene i periodar.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

I tida framover skal heile Ålesund bibliotek pussast opp. Bibliotek har mellom anna fått tildelt midlar frå Nasjonalbiblioteket for å utvikle biblioteket som det ein tenkjer på som «den tredje staden» for innbyggjarane, ved sidan av heim og jobb eller skule. Vi kan ikkje byggje eit heilt nytt bibliotek, men vi vil gjere ein del endringar, slik som oppussing av veggar, utskifting av lamper, nytt møblement og liknande. Målet er at biblioteket skal bli ei forlenga stove, og at det skal bli ein god stad å vere for deg som brukar biblioteket.

Oppgradering startar altså med ei svært etterlengta renovering av toaletta. Dette fører tidvis med seg mykje bråk og rot frå meisling og anna. Derfor reduserer vi opningstidene, i første omgang i veke 40, slik at biblioteket i hovudsak er ope når bråkearbeidet er avslutta for dagen.

Det vil bli andre endringar i opningstidene etter kvart som arbeidet skrir fram. Dette vil det bli informert om på heimesida og i sosiale media når den tid kjem.

Arbeidet vil også føre med seg litt rot og mellombelse løysingar i lokalet, men vi vil prøve å gjere dette slik at det bli minst mogleg problematisk for deg som lånar, og utan at biblioteket bli sjåande ut som ein byggjeplass.

Vi seier oss leie for ulempene dette kan medføre, men håper at resultatet vil vere verdt det.

Skissetegning av store vindauger med leseplassar og planter. - Klikk for stort biletePå skisseblokka - Utforminga av biblioteket har ikkje blitt endeleg bestemt, men er under arbeid.
Skisseteikning av born, bokhyller og møblar. - Klikk for stort bilete