Agnete Brun
Bestefaren hennar flykta frå Palestina i 1948. Foreldra flykta vidare. Sjølv er Rima Iraki fødd i Aust-Berlin, som tredje generasjon på flukt. Familien levde lenge med vona om å kunne vende heim. Dei skulle berre vere vekke i nokre veker, til det blei trygt. Flukta, dei mange nye landa – alt var meint å vere førebels. Meir enn eit halvt hundreår seinare er heimreisa mindre sannsynleg enn nokon gong.
Boka er ei velskrive og personleg forteljing som viser konsekvensane av krigen gjennom tre generasjonar, og som bringer oss tett på dei menneskelege kostnadane ved storpolitikken. Det handlar om oppbrot, nye røter, von, identitet og motstandskraft.
Arrangementet er ein del av Litteratur i krisetid – lesing som beredskap og motstandskraft, eit prosjekt i regi av Ålesundsbiblioteka med støtte frå Fritt Ord.
Gratis og ope for alle!