Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Shot Spring 2022

Den ukrainske kunstnaren Antonia Høybakk har utstilling på kunstveggen til Ålesund bibliotek i oktober.
 

Kunstverk av Antonia Høybakk, ukrainsk kunstner fra Ålesund. Maleri som viser flere kvinneansikter med svart og gult som fremtredende farger i bakgrunnen, samt østeuropeiske mønster og figurer  - Klikk for stort bilete Antonia Høybakk
Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Antonia Høybakk bur og arbeider på Sunnmøre, og har sitt eige studio, Antonia Gallery, på Vigra. Her produserer ho eigen kunst og driv kunstundervisning for barn.

Eit viktig tema i Høybakk sin kunst er identitet og røter, og det er krigen i heimlandet Ukraina som er bakteppe for utstillinga i biblioteket. Utstillinga Shot Spring 2022 består av ei rekkje collagar og måleri som uttrykker kjensler, frykt og smerte ho som ukrainar har kjent på sidan krigen i heimlandet starta. 

"Min familie og mine vener kjempar for fridom og overleving no, og kunsten har vore min måte å uttrykkje mi historie til verda på". 

Kom og sjå utstillinga i biblioteket si opningstid frå 6. oktober. 
Velkomen!