Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Slutt på billettkjøp hos biblioteka

Frå onsdag 19. juni kan du ikkje lenger kjøpe billettar til Parken kulturhus sine arrangement ved Ålesund og Moa bibliotek. No må billettane kjøpast på nett. 

Publikum og scene i storsalen til Parken kulturhus. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete

Sidan 2019 har Ålesund og Moa bibliotek drive billettsal for Parken kulturhus. Her har ein kunna kjøpe billettar over disk, til konsertar, teaterframsyningar og andre arrangement i regi av Parken kulturhus. Også dei med abonnement og sponsorbillettar har fått henta ut billettar ved biblioteka. I samband med at kulturhuset skiftar til nytt billettsystem 19. juni, fell denne ordninga vekk. 

Nytt billettsystem

Kulturhuset tek no i bruk billettsystemet Tixly til å selge sine billettar. Du kjem dit ved å gå inn på det aktuelle arrangementet på Parken kulturhus sine nettsider.  Billettene vil bli sendt til deg på epost. Elles er det framleis mogleg å kjøpe billettar hos kulturhuset 1 time før framsyningane. Du kan lese meir om billettsalg ved kulturhuset her:

Om billettsalg 

Ved spørsmål om billettar, kan du kontakte kulturhuset på tlf. 70 16 24 66. Telefonen er bemanna kl. 10.00 - 15.00, måndag til fredag. Du kan også sende epost til denne adressa: billett@parkenkulturhus.no.

Hjelp å få på biblioteket

Sjølv om du ikkje lenger kan kjøpe billettar over disk ved biblioteka, vil vi likevel forsøkje å hjelpe og rettleie deg som synest at det er vanskeleg å bestille billettane på nett.