Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Sommarles 2026

Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar! 
Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles.no. Nytt av året er at det er tida du brukar på lesing som tel for å gå opp i level, ikkje antal sider. Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med.

Farlege skurkestrekar Sommarles 2026.  Bli med på sommarens sore lesekampanje for barn! 1. juni - 31. august.  - Klikk for stort bilete

 

Korleis fungerer Sommarles?

Sommarles.no kan de registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).


Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor sider som tidlegare år. Talet på sider som er lesne vil framleis bli registrert automatisk. 

Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for i år, som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.


For å bli med på Sommarles går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Har de ein profil frå i fjor kan denne framleis brukast. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese/lytte og registrere i veg!


Kan eg hente premiar når det lokale biblioteket er sommarstengt?

Premiane til Sommarles-deltakarar frå Skodje, Sjøholt og Harøya kan hentast på Moa bibliotek, Ålesund bibliotek eller andre bibliotek i landet. Merk at i nokre kommunar kan biblioteka vere restriktive med å dele ut premiar til deltakarar frå andre kommunar.

Premieutvalet kan variere frå bibliotek til bibliotek. Dersom barna ønskjer premiar som er utstilte på sitt lokale bibliotek, oppmodar vi til å vente med å hente premiane til biblioteka opnar att etter sommarferien.

God sommar med Sommarles.no!