Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Sommarles er i gong!

Også denne sommaren kan alle 1. - 7. klassingar vere med på Sommarles, Noregs kulaste lesekampanje.

Sommarles 2024 er i gong! Frå 1. juni kan alle 1. - 7. klassingar i Ålesund kommune vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. 

Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 166 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Sommarles gjer det gøy å lese! 

 

Dette er Sommarles

Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les. I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! På biblioteka kan barna hente kodeord som vert lagt ut til kvart kapittel av Sommarles-forteljinga, og som dei kan bruke til å "låse opp"  nye trofe. 

Sommarles-kampanjen blir avslutta 31. august. Etter dette arrangerer biblioteka også ein Sommarlesfest, med underhaldning og utdeling av hovudpremiar til dei aller ivrigaste lesarane. 

 

“Fanga i spelet”

Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. I år heiter forteljinga “Fanga i spelet” . I den følgjer vi heltane Astrid og Asbjørn, samt ei rekkje andre figurar som barna kan kjenne igjen frå tidligare år. Forteljinga kan dei lese på Sommarles.no. 

Animasjon i fargar med bilete av to av karakterane i Sommarlesforteljinga, Astrid og Asbjørn. - Klikk for stort bilete

Kontaktperson for Sommarles i Ålesund: Katrine Solberg (Ålesund bibliotek), katrine.solberg@alesund.kommune.no. Tlf: 70 16 22 60. 

Her kan du registrere deg og finne masse meir stoff om Sommarles:

Sommarles.no