Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Sommarlesfest 2026

Sommarles er over for i år, og det er klart for fest! Sommarlesfestane markerer avslutninga på den årlege lesekampanjen, og byr på feiring for barn, ungdom og familiar.

I år blir det felles Sommarlesfest for Ålesund og Moa bibliotek i Parken kulturhus 12. september. Skodje bibliotek held fest 5. september i Gomerhuset og Sjøholt bibliotek 19. september på Ørskog frivilligsentral, medan deltakarar frå Harøy bibliotek feirar saman med Haramsbiblioteka på Haramsøy bibliotek den 24. september.

Leseglede i ei viktig tid

Sommarles er ein nasjonal lesekampanje som kvart år engasjerer tusenvis av barn til å lese meir gjennom sommarferien. Kampanjen er særleg viktig no, fordi fleire undersøkingar viser at leseferdigheitene til norske barn har vore synkande dei siste åra. Difor blir lesarane i år premiert for lesetid, ikkje berre sidetal, slik som tidlegare. Dette skal gjere det enklare for alle barn å delta, uavhengig av lesetempo og bokformat.

I samband med lesekampanjen opplever biblioteka i Ålesund ein positiv auke i talet på unge, faste lånarar. Dette viser kor viktig det er å inspirere unge til å lese vidare.

Premiar og underhaldning

Eit av høgdepunkta under arrangementa er kåringa av dei ivrigaste lesarane i årets Sommarles. Vinnarane vil bli premiert med gåver frå mellom anna Bluss forlag, Aalesunds museum, Odeon kino og Uteguiden.

Årets tema for Sommarles er teikneserie, ein sjanger som stadig aukar i popularitet, noko også utlånsstatistikken ved biblioteka tydeleg viser. På arrangementa i Parken kulturhus, Gomerhuset og Sjøholt vil lokal forfattar Thomas Smoor Isaksen frå Bluss forlag i Ålesund halde bokkino med sin nye teikneserie Otto og Stein, illustrert av Ruben Nerheim.

I Parken kulturhus kjem i tillegg Trio No Treble, ein stryketrio som speler kjende, moderne songar for barn i nye tonar. Trioen består av Ivan Penjin (bratsj), Eivind Rossbach Heier (cello) og Jostein Bolås Brødreskift (kontrabass). Trioen har engasjert barn over heile landet med sine konsertar.

Til Haramsøy kjem Askeladden Friteater med den morosame og engasjerande framsyninga Bia og honningtjuven. Her får både små og store møte biene Bia og Drone og lære litt om livet til biene og den viktige rolla dei har i naturen. Det blir også trekning av premiar. 

Oversikt over Sommarlesfestane:

  • Skodje bibliotek: 5. september 13.00, Gomerhuset
  • Ålesund og Moa bibliotek: 12. september 13.00, Parken kulturhus
  • Sjøholt bibliotek: 19. september 13.00, Ørskog frivilligsentral (Kommunehuset)
  • Harøy bibliotek: 24. september 18.00, Haramsøy skule