Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Sommarlesfest

Snart blir det Sommarlesfest for alle dei flinke og leseglade barna som har vore med på lesekampanjen Sommarles i år. 

Sommarles har vore ein suksess denne sommaren også. Rundt 2000 barn i 1. - 7. klasse har lest, engasjert seg og henta fine premiar på biblioteka etter kvart som dei har nådd nye nivå i lesinga si. 

No skal vi feire alle desse leseglade barna med ein kjempestor Sommarlesfest. Fem av biblioteka våre arrangerer Sommarlesfest for sine lesarar. Det blir det underhaldning av den alltid fantastiske og morsomme Tito Magic, og det blir trekning av flotte hovudpremiar for Sommarlesdeltakarane. 

Sommarlesfestane er først og fremst for dei barna som har vore med på Sommarles, men foreldre og søsken er sjølvsagt også velkomne!