Are Sende Osen i godt driv ved Ålesund bibliotek.I 2024 fikk Ålesundsbiblioteka støtte frå Fritt Ord til arrangementsrekka «Sagaenes verden – arven fra norrøn tid i moderne historiefortelling». Her ønskte vi å sette søkelys på korleis vår historiske arv frå vikingtid og middelalder minnast og blir gjenfortalt i ulike sjangrar.
Gjennom hausten 2024 og våren 2025 hadde vi besøk av fire forfattarar med til saman fem arrangement. Vi inviterte forfattarar som på ulike måter har late seg inspirere av norrøn kultur i bøkene sine, og opna for samtalar om kvifor denne tematikken framleis er aktuell for dei i vår moderne tid.
“Kongerekka”
I oktober trakk Are Sende Osen fulle hus når han besøkte hovudbiblioteket i Ålesund og Ørskog kulturhus med føredraget «Kongerekka». Han heldt òg føredrag på fengselsbiblioteket ved Ålesund fengsel. Føredraget er basert på podkasten hans med samme namn, og har utgangspunkt i kongesogene frå norrøn tid. Kongesogene har vore folkelesnad i Noreg i over 150 år, men det kan samstundes vere tungt stoff både å lese og formidle. Osen fortel om dei sentrale norske vikingkongane på ein måte som vi aldri har hørt det før. Han kombinerer folkeopplysning og humor, og serverer vår eigen norske vikinghistorie som røydomens Game of Thrones!
Prinsessa frå Kyiv og den siste vikingkongen
Jan Ove Ekeberg var ein sjølvskriven gjest når vi skulle arrangere føredrag om vikinglitteratur, og i mars besøkte han Moa bibliotek. Her fekk vi høyre om Jelisaveta Jaroslavna, prinsessa frå Kyiv som vart Noregs første utanlandske dronning då ho gifta seg med Harald Hardråde. Ho er ein av gjennomgangsfigurane i Ekeberg sin historiske spenningsroman Den siste vikingkongen, som er basert på verkelege hendingar i Harald Hardrådes liv. Publikum hadde mange spørsmål frå salen, og det vart interessante samtalar om dronninga som tok med seg europeisk kultur inn i det norske kongehuset, og knytta to land saman - dåtidas Ukraina og Noreg som enno ikkje hadde vorte ein nasjon.
Publikum nytta høvet til både å kjøpe bøker og få dei signerte når Jan Ove Ekeberg var på besøk ved Moa bibliotek.“Runene og oss”
Som siste arrangement inviterte vi forfattarane Aina Basso og Marte Spurkland til arrangementet «Runene og oss». Samtalen vart leia av vår eigen Anne Marthe Synnes på Moa bibliotek.
Boka Eg rissa desse runene av Aina Basso er historiske noveller basert på verkelege runeinnskrifter frå 1100- og 1200-talet. Gjennom forteljingane får vi innblikk i eit middelaldersamfunn med folk som eigentlig har mykje til felles med oss.
Marte Spurkland har gitt ut boka Pappas runer, som er ei forteljing om faren, runeforskaren Terje Spurkland. Boka er ei reise i faren sitt livsverk og skildrar fascinasjonen for dei 24 teikna, som rista inn i steinar, pinner og beinrestar, har gjort oss til eit skrivande folk.
Det vart ein fin og viktig samtale om kva forfattarane meiner runene har å fortelje oss om dei som kom før oss, og kva dei kan lære oss om oss sjølve.
Samtale mellom forfattarane Aino Basso og Marte Spurkland, som begge har skrive bøker med utgangspunkt i runane, og Anne Marthe Synnes frå Moa bibliotek.
Med arrangementa våre håper vi å ha fått vist korleis norrøn sagalitteratur har hatt mykje å seie for identiteten og kulturarva vår, og korleis den framleis inspirerer til innhald i den moderne litteraturen.
Ålesundsbibliteka takkar Fritt Ord for støtte til «Sagaenes verden», som gjorde det mogleg å gjennomføre denne arrangementsrekka.