Tildeling av atelierplass ved Ålesund bibliotekElisabeth Hatlehol Sairosi frå Ålesund har fått tildelt atelierplass ved Ålesund bibliotek. 1. september tok ho i bruk lokala i lågblokka ved Rådhuset, med spektakulær utsikt mot sjø, fjell og byliv. Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon. Lillian Bjørdal I juni søkte Ålesund bibliotek, Aggregat og Ytre kunstfagskole etter ein nyetablert kunstnar som skulle få disponere atelier ved Ålesund bibliotek. Det kom inn 8 søknadar, og plassen vart tildelt Elisabeth Hatlehol Sairosi. Vi i prosjektgruppa for kunstnarpraksis ved Ålesund bibliotek er veldig glade for at Elisabeth takka ja til kunstnarpraksisen. Ho har nettopp avslutta kunststudia sine ved Ytre kunstfagskole, og er i etableringsfasen. Ho er i ferd med å utvikle ei tydeleg kunstnarisk stemme som det er viktig at ho får rom til å jobbe vidare med, og vi er veldig glade for å kunne medverke til å gje henne denne moglegheita. I kunsten sin arbeider Elisabeth Hatlehol Sairosi med tematikkar knytt til feminisme, diskriminering, makthierarki og det fleirkulturelle samfunnet. Vi ønska at kunstnaren som vart vald ville bidrage med innhald i biblioteket, og Elisabeth har i det høvet presentert ein spennande ide om ein kunstworkshop for unge som skal handle om skjellsord, der ungdomane får rom til å snakke, tenkje og uttrykkje seg visuelt om dette temaet. Prosjektet skal gjennomførast på biblioteket i løpet av våren 2024. Vi ser at mykje av det Elisabeth Hatlehol Sairosi arbeider med i kunsten sin er kommuniserande og rettar seg mot menneske på ein måte som heng godt saman med samfunnsoppdraget til biblioteket. Ho er derfor ein svært god og passande kandidat til å ha kunstnarpraksis og atelier på biblioteket. Katrine Ekroll Celius Sist endra 25.10.2023 14.19