
Tysdag 24. juni vert det storstilt feiring på Ålesund bibliotek, og det er eit klesplagg som skal feirast. Dette er nemleg verdsdagen for den tradisjonelle rumenske blusen, “ie”. Dagen blir markert og feira over heile verda. Den rumenske blusen er eit tradisjonsplagg som er på UNESCOs kulturarvliste. Ålesund bibliotek ønskjer å vere med på å feire den og samstundes framheve den rolla som klestradisjonar spelar i å verne om kulturell identitet.
Det vert eit omfattande program denne dagen, og med fleire æresgjestar til stades: Romania sin ambassadør til Noreg, Moldova sin ambassadør til Sverige og den rumensk-ortodokse biskopen av Nord-Europa kjem for å vere med på feiringa. Arrangementet er eit samarbeid mellom Ålesund bibliotek og organisasjonane Sezatorea Norvegia, MUZEUL “LA BUNEI”, Østeuropeisk Kvinneforening EVA, Parohia Ortodoxa Romana din Europa de Nord, Sezatoare Basarabia og Asociatia Arta si Traditie.
Program for dagen:
16.00 - 17.00 Tradisjonell rumensk broderiworkshop for barn og vaksne
18.00 - 18.15 Offisiell opning med helsing frå ordførar Håkon Lykkebø Strand
19.00 - 19.15 Kaffipause med tradisjonelle snacks
19.15 - 20.00 Kulturframsyning
20.00 Avslutning
Arrangementet er ope for alle. Velkomen til biblioteket!