USA - ein nekrolog?Korleis har Trump og MAGA-bevegelsen endra USA – og kva betyr det for Norge? USA-ekspert Hilde Eliassen Restad tek pulsen på amerikansk politikk under det andre Trump-regimet i si nye bok “USA – en nekrolog?” Tysdag 10. februar kjem ho til Moa bibliotek. «Om to dagar skal vi ta ut søpla, og søpla sitt namn er Kamala Harris», sa visepresidentkandidat J. D. Vance dagen før presidentvalet i 2024. Slik språkbruk er ikkje lenger unntaket, men heller regelen for amerikansk politisk samtale – særleg på høgresida. Nicole Wallace, tidlegare kommunikasjonssjef for George W. Bush, sa at dette under alle normale høve burde vore slutten for Trump-kampanjen. Det var det ikkje.Finst det eigentleg normale høve lenger? Trump og MAGA-bevegelsen har endra partiet på grunnleggjande vis. Har dei også endra USA?Restad tek føre seg:USA sin demokratiske tilbakegangKva som har skjedd med det republikanske partietKva det demokratiske partiet kan gjereKva alt dette betyr for USA si rolle som «leiaren av den frie verden»Og korleis skal Norge ta stilling til at vår fremste alliert er styrt av eit høgreradikalt regime? Arrangementet er ein del av «Litteratur i krisetid – lesing som beredskap og motstandskraft», eit prosjekt i regi av Ålesundsbiblioteka med støtte frå Fritt Ord.Tysdag 10. februar klokka 18.00 i Moa bibliotek. Gratis og ope for alle! Sist endra 04.02.2026 15.46